Antilopesongaren

6. Den grøne dalen

Seriebeskrivelse

Hørespill for barn i seks deler, etter ei bok av Ruth Underhill. Tiåringen Tad og veslesystera Mitty høyrer til familien Hunt, som saman med ein flokk andre nybyggjarar drog den lange vegen frå Connecticut i aust, tvers over Amerika, for å finne nytt land i California. Reisa vart lengre og meir dramatisk enn dei hadde trudd. Dramatisert av Ingebrigt Davik. Instruktør: Viktor Sandal. Teknisk regi: Odd Johan Nilsen. Musikk: Kåre Grøttum. Munnspel: Sigmund Groven. Sendt i Barnetimen.

Episodebeskrivelse

Familien Hunt får vere med på den store haustjakta saman med Paiute-stamma. Tad var mellom indianarane som hadde ringa inn ein stor antilopeflokk, som Nummer hadde lokka fram med songen sin. I rollene høyrer me mellom andre Kim Kaljord (Tad), Per Christian Ellefsen (Nummer) og Marianne Moen (Mitty).

Tilgjengelig til:
Tilgjengelig i:
Verden
Første gang sendt:
NRK P1 · Lørdag 17. oktober 1970 kl. 15:15
Siste gang sendt:
NRK P1 · Lørdag 17. oktober 1970 kl. 15:15
Produksjonsår:
1970
Aldersgrense:
Tillatt for alle
Varighet:
25min 17s