Antilopesongaren

Hørespill for barn i seks deler, etter ei bok av Ruth Underhill. Tiåringen Tad og veslesystera Mitty høyrer til familien Hunt, som saman med ein flokk andre nybyggjarar drog den lange vegen frå Connecticut i aust, tvers over Amerika, for å finne nytt land i California. Reisa vart lengre og meir dramatisk enn dei hadde trudd. Dramatisert av Ingebrigt Davik. Instruktør: Viktor Sandal. Teknisk regi: Odd Johan Nilsen. Musikk: Kåre Grøttum. Munnspel: Sigmund Groven. Sendt i Barnetimen.

2. Ormebitet

19.09.1970 24 min

Tad og Mitty fann ein sjuk indianergut som trong hjelp. No skal familien Hunt saman med dei andre nybyggjarane starte ferda over dei høge fjella mot California. I rollene høyrer me mellom andre Kim Kaljord (Tad), Marianne Moen (Mitty) og Per Christian Ellefsen (Nummer).