Antilopesongaren

Hørespill for barn i seks deler, etter ei bok av Ruth Underhill. Tiåringen Tad og veslesystera Mitty høyrer til familien Hunt, som saman med ein flokk andre nybyggjarar drog den lange vegen frå Connecticut i aust, tvers over Amerika, for å finne nytt land i California. Reisa vart lengre og meir dramatisk enn dei hadde trudd. Dramatisert av Ingebrigt Davik. Instruktør: Viktor Sandal. Teknisk regi: Odd Johan Nilsen. Musikk: Kåre Grøttum. Munnspel: Sigmund Groven. Sendt i Barnetimen.

4. Landsbyen i fjella

03.10.1970 27 min

Ein dag då Nummer og Tad var ute i fjellet på jakt, kom dei frampå skjelettet av eit stort dyr. Det var oksen Bell, som familien Hunt hadde mista på ein mystisk måte. Hadde Paiute-indianarane noko med dette å gjere? Tad og Mitty er på besøk i indianarleiren, når dei plutseleg høyrer at nokon skyt. I rollane høyrer me mellom andre Kim Kaljord (Tad), Marianne Moen (Mitty) og Roy Bjørnstad (Jeff).