Antilopesongaren

Hørespill for barn i seks deler, etter ei bok av Ruth Underhill. Tiåringen Tad og veslesystera Mitty høyrer til familien Hunt, som saman med ein flokk andre nybyggjarar drog den lange vegen frå Connecticut i aust, tvers over Amerika, for å finne nytt land i California. Reisa vart lengre og meir dramatisk enn dei hadde trudd. Dramatisert av Ingebrigt Davik. Instruktør: Viktor Sandal. Teknisk regi: Odd Johan Nilsen. Musikk: Kåre Grøttum. Munnspel: Sigmund Groven. Sendt i Barnetimen.

1. Kven er Nummer?

12.09.1970 27 min

Familien Hunt har stansa midt ute i Nevada-ørkenen. Dei har saman med nokre andre nybyggjarar tatt ein snarveg til California. Tad og Mitty er på leiting etter vatn, når dei får auge på eit menneske som ligg under buskene. I rollane høyrer me mellom andre Kim Kaljord (Tad), Marianne Moen (Mitty) og Tor Stokke (forteljar).