Antilopesongaren

Hørespill for barn i seks deler, etter ei bok av Ruth Underhill. Tiåringen Tad og veslesystera Mitty høyrer til familien Hunt, som saman med ein flokk andre nybyggjarar drog den lange vegen frå Connecticut i aust, tvers over Amerika, for å finne nytt land i California. Reisa vart lengre og meir dramatisk enn dei hadde trudd. Dramatisert av Ingebrigt Davik. Instruktør: Viktor Sandal. Teknisk regi: Odd Johan Nilsen. Musikk: Kåre Grøttum. Munnspel: Sigmund Groven. Sendt i Barnetimen.

3. Indianarane kjem

26.09.1970 23 min

Familien Hunt måtte halde seg i ro ein stad ute i Nevada-ørkenen, for Eb Hunt var blitt biten av ein klapperslange. Dei andre nybyggjarfamiliane hadde for lengst dradd opp i fjella. Så ser familien Hunt ein flokk indianarar nærme seg leiren ... I rollane høyrer me mellom andre Kim Kaljord (Tad), Astrid Folstad (Sarah) og Britt Langlie (Emmy).