Raskolnikov

Hørespill i 12 deler, basert på Fjodor Dostojevskij si namngjetne roman "Brotsverk og straff" / "Forbrytelse og straff" (Prestuplenie i nakazanie, 1866). St. Petersburg omkring 1860. Studenten Raskolnikov er lutfattig og har inga von om ei betre framtid. Han isolerer seg, byrjar tru han er eit overmenneske som kan gjere det han vil, til og med ta liv. Han drep pantelånarkona Aljona Ivanovna - ei "lus", et mindreverdig "skadeleg" menneske, og søster hennar Lisaveta. Etter mordet går han inn i ein feberliknande tilstand, får sterke samvitskval og går gjennom skakande krisar - som gjer at han til slutt melder seg sjølv til politiet. Gjennom denne vedkjenningsprosessen set Dostojevskij lys på forbrytarpsykologi - samvit, skuld, soning.

2. Mordet

Sesong 1 · 35 min

av Fjodor Dostojevskij, serie i 12 delar etter romanen "Brotsverk og straff". Raskolnikov meiner at han har rett til å drepe ei utsugande pantelånarkone for å hjelpe familien sin som svelt. Og det tek han konsekvensen av. Men alle konsekvensane av denne gjerninga si har han langt frå oversikt over. Omsett, dramatisert og instruert av Tormod Skagestad. Teknisk regi: Odd Johan Nilsen. Dei som er med: Odd Furøy (Forteljar), Bjørn Skagestad (Rodion Raskolnikov), Ella Hval (Aljona Ivanovna), Jorunn Kjellsby (Nastasja), Ivar Nørve (Løytnant Krutt), Sverre Wilberg (Nikodim Fomitsj). Elles er desse med: Asbjørn Toms, Andreas Kolstad, Bjørn Sundquist og Torgeir Fonnlid. Annonsering ved Kari Linjordet. (2:12)

Mer informasjon

Tilgjengelig fra:
6. mars 2018 kl. 00:00
Tilgjengelig til:
Alltid tilgjengelig
Produksjonsår:
1979
Lengde:
35 min

Medvirkende

Forfatter:
Fjodor M. Dostojevskij
Oversetter:
Tormod Skagestad
Produsent:
Odd Johan Nilsen
Regissør:
Tormod Skagestad
Skuespiller:
Bjørn Skagestad
Skuespiller:
Ella Hval
Skuespiller:
Ivar Nørve
Skuespiller:
Jorunn Kjellsby
Skuespiller:
Odd Furøy
Skuespiller:
Sverre Wilberg