Raskolnikov

Hørespill i 12 deler, basert på Fjodor Dostojevskij si namngjetne roman "Brotsverk og straff" / "Forbrytelse og straff" (Prestuplenie i nakazanie, 1866). St. Petersburg omkring 1860. Studenten Raskolnikov er lutfattig og har inga von om ei betre framtid. Han isolerer seg, byrjar tru han er eit overmenneske som kan gjere det han vil, til og med ta liv. Han drep pantelånarkona Aljona Ivanovna - ei "lus", et mindreverdig "skadeleg" menneske, og søster hennar Lisaveta. Etter mordet går han inn i ein feberliknande tilstand, får sterke samvitskval og går gjennom skakande krisar - som gjer at han til slutt melder seg sjølv til politiet. Gjennom denne vedkjenningsprosessen set Dostojevskij lys på forbrytarpsykologi - samvit, skuld, soning.

9. Tilståinga

11.01.1980 38 min

av Fjodor Dostojevskij, serie i 12 delar etter romanen "Brotsverk og straff". I lengda greier ikkje Raskolnikov å bere sanninga om mordet på pantelånarkona Aljona Ivanovna og søster hennar Lisaveta aleine. Så fortel han kva han har gjort til Sonja, dotter til Marmeladov som han nyleg var i gravferda til. Men veggene er tynne, og uønskte øyre kan vere bak dei. Omsett, dramatisert og instruert av Tormod Skagestad. Teknisk regi: Odd Johan Nilsen. Dei som er med: Odd Furøy (Forteljar), Bjørn Skagestad (Rodion Raskolnikov), Henny Moan (Katarina Ivanovna), Lasse Kolstad (Herr Lusjin), Hilde Sophie Plau (Sonja), Øivind Blunck (Lebesjatnikov), Elisabeth Bang (Amalie Ivanovna). Elles er desse med: Bonne Gauguin, Arne Lindtner Næss og Frimann Falck Clausen. Annonsering ved Kari Linjordet. (9:12)

Medvirkende

Forfatter:
Fjodor M. Dostojevskij
Oversetter:
Tormod Skagestad
Produsent:
Odd Johan Nilsen
Regissør:
Tormod Skagestad
Skuespiller:
Bjørn Skagestad
Skuespiller:
Elisabeth Bang
Skuespiller:
Henny Moan
Skuespiller:
Hilde Sophie Plau
Skuespiller:
Lasse Kolstad
Skuespiller:
Odd Furøy
Skuespiller:
Øivind Blunck

Bli med på
lufta!

Med NRK-brukeren din kan du delta i avstemninger og sende meldinger til ditt favorittprogram.

Før du sender melding...

For å kunne sende melding må du godta noen ekstra vilkår.