Helten frå Wainscottskogen

Røyskatten Bagley Brun jr. forelskar seg i ein fortryllande vakker fisk. Eit høyrespel for barn om umuleg kjærleik av Tor Seidler. Omsett av Ragnar Hovland. Dramatisert og instruert av Guri Skeie Gundersen. Musikk: Øystein Vesaas. Teknisk regi: Anna Carine Mostad. Sendt i Barnetimen for de minste.

1. episode

Sesong 1 · 19 min

Det er vår i Wainscottskogen! Røyskattjenta Wendy Svartfot kjem på besøk til dei danseglade røyskattane – og ho vert svært populær blant dei unge røyskattgutane. Med: Jorunn Kjellsby (forteljar), Eindride Eidsvold (Bagley Brun jr.), Liv Bernhoft Osa (Wendy Svartfot), Lars Sørbø (Zeke Kvitmage), Sverre Bentzen, Marit Bolling, Øystein Vesaas og Øystein Rakkenes.