Helten frå Wainscottskogen

Røyskatten Bagley Brun jr. forelskar seg i ein fortryllande vakker fisk. Eit høyrespel for barn om umuleg kjærleik av Tor Seidler. Omsett av Ragnar Hovland. Dramatisert og instruert av Guri Skeie Gundersen. Musikk: Øystein Vesaas. Teknisk regi: Anna Carine Mostad. Sendt i Barnetimen for de minste.

4. episode

22.02.1996 19 min

Wendy og Zeke skal gifta seg og har bedd Bagley om å vere forlovar. Men noko har hendt med dammen der Barbro og ungane hennar bur. Dei er i stor fare! Med: Jorunn Kjellsby (forteljar), Eindride Eidsvold (Bagley Brun jr.), Liv Bernhoft Osa (Wendy Svartfot), Lars Sørbø (Zeke Kvitmage), Lasse Lindtner (frosken Freddy), Sverre Bentzen, Marit Bolling, Øystein Vesaas og Øystein Rakkenes.