Guten med bronseøksa

Høyrespel for born etter ei bok av Kathleen Fidler. Handlinga går føre seg i og omkring steinaldergrenda Skara Brae for om lag tre tusen år sidan. Heime hos steinhoggaren og hovdingen for Skarastamma, Birno, er dottera Kali og sonen Brockan vakne. Dei ligg under saueskinna i steinsenga og høyrer på havsuset og fugleskrika. Denne dagen vil dei vasse ut til skjera med dei store albogeskjela som smakar så godt. Syskena finn så mykje skjel at dei gløymer å koma seg inn før tidevatnet kjem. Ein framand gut i ein underleg båt bergar dei, og dei trur at han er ein havgud. Men jamvel om Tenko, som han heiter, er eit vanleg menneske, kjem han frå ein stad der livet er annleis enn i Skara Brae. Han slår seg ned hos Skarastamma, men ikkje alle set pris på Tenko og idéane hans. Instruktør: Knut Andersen. Teknisk regi: Terje Hellem.

2. Ørnejakta

14.05.1983 29 min

Den store ørna tar lamma til steinalderfolket på Skara. Tenko lagar seg ein boge, og saman med Kali og Brockan går han på jakt for å drepe ørna. Med trebåten til Tenko dreg dei også på oppdagingsferd til stadar dei før ikkje har vore. I rollene medverkar bl.a.: Are Storstein (Korwen), Ragnhild Hilt (Stempsi) og Rolf Arly Lund (Birno).