Guten med bronseøksa

Høyrespel for born etter ei bok av Kathleen Fidler. Handlinga går føre seg i og omkring steinaldergrenda Skara Brae for om lag tre tusen år sidan. Heime hos steinhoggaren og hovdingen for Skarastamma, Birno, er dottera Kali og sonen Brockan vakne. Dei ligg under saueskinna i steinsenga og høyrer på havsuset og fugleskrika. Denne dagen vil dei vasse ut til skjera med dei store albogeskjela som smakar så godt. Syskena finn så mykje skjel at dei gløymer å koma seg inn før tidevatnet kjem. Ein framand gut i ein underleg båt bergar dei, og dei trur at han er ein havgud. Men jamvel om Tenko, som han heiter, er eit vanleg menneske, kjem han frå ein stad der livet er annleis enn i Skara Brae. Han slår seg ned hos Skarastamma, men ikkje alle set pris på Tenko og idéane hans. Instruktør: Knut Andersen. Teknisk regi: Terje Hellem.

3. Den store kvalen

21.05.1983 31 min

Med hjelp av Tenko fangar folket på Skara ein kval, men på solfesten er det nokre som vil ofre han til gudane. Lokar grip inn, han anar at ein katastrofe skal kome over folket hans, og at dei då vil trenge Tenko. I rollene medverkar bl.a.: Wilfred Breistrand (Lemba), Per Tofte (Salik) og Roy Bjørnstad (Tresko).