Folket i dei kvite båtane

Handlinga finn stad i overgangen mellom steinalder og bronsealder. På Onøya bur eit folk som er konstant redde for at dei skal bli herja av det dei kallar "folket i dei kvite båtane". Hørespill for barn i fire deler av Johannes Heggland. Instruktør: Paul Skoe. Teknisk regi: Viktor Sandal. Sendt i Barnetimen.

3. Tolg i fare!

06.02.1965 18 min

Dei framande tar med seg fangane attende til Onøya. Medan dei forsøker å få kontroll over området, pønskar Kjarte på ein plan for å flykte. I rollene medverkar blant andre: Jack Fjeldstad (Kjarte), Ragnhild Michelsen (Ona) og Kari Winge (Jørdi).