Folket i dei kvite båtane

Handlinga finn stad i overgangen mellom steinalder og bronsealder. På Onøya bur eit folk som er konstant redde for at dei skal bli herja av det dei kallar "folket i dei kvite båtane". Hørespill for barn i fire deler av Johannes Heggland. Instruktør: Paul Skoe. Teknisk regi: Viktor Sandal. Sendt i Barnetimen.

1. Bronsesverdet

23.01.1965 18 min

Det er sommar og varmt, og oningane har fare til øya Gløyp som ligg langt uti havgapet. Her finn Tolg eit bronsesverd, noko som berre kan tilhøyre folket i dei kvite båtane. Plutseleg oppdagar Tolg at mange båtar og mykje folk er på veg. I rollene medverkar blant andre: Nils Sletta (Tolg), Kari Winge (Jørdi) og Rolf Søder (Gaute).