Bronsebogen

Handlinga er lagt til Galilea på Jesu tid og vi følgjer den unge guten Daniel som kjempar mot romerane. Eit høyrespel for barn og unge i fem episodar, etter ei bok av Elizabeth George Speare. Dramatisert av Kjell Åsen. Instruktør: Jon Lennart Mjøen. Teknisk regi: Aage Sandaker. Sendt i Barnetimen.

1. Mannen i berghola

07.04.1979 16 min

Daniel har rømt opp i fjella og bur der saman med nokre som vil prøve å samle folk til å gå mot romerane. Ein dag kjem det ein gut og ei jente oppover fjellsida. Daniel blir nysgjerrig, han kjenner dei att frå da han budde i landsbyen. Med bl.a: Øivind Blunck (Daniel), Bjørn Skagestad (Joel), Hilde Sophie Plau (Thacia), Roy Bjørnstad (Rosh), Anders Hatlo (Ebol), Håvard Rype (Samson) og Alf Malland (forteljar).