Bronsebogen

Handlinga er lagt til Galilea på Jesu tid og vi følgjer den unge guten Daniel som kjempar mot romerane. Eit høyrespel for barn og unge i fem episodar, etter ei bok av Elizabeth George Speare. Dramatisert av Kjell Åsen. Instruktør: Jon Lennart Mjøen. Teknisk regi: Aage Sandaker. Sendt i Barnetimen.

2. Tømmermannen frå Nasaret

14.04.1979 18 min

Ein dag kjem Simon frå landsbyen opp til fjellet for å helse på Daniel. Det likar ikkje Rosh. Men Daniel vil så gjerne sjå att bestemora og søstera si så han slår følge med Simon ned att. Det blir et hjarteleg gjensyn. Dagen etter blir han med Simon til synagogen og får der høyre ein tømmermann frå Nasaret. Med bl.a: Alf Malland (forteljar), Øivind Blunck (Daniel), Roy Bjørnstad (Rosh), Are Storstein (Jesus), Astrid Sommer (bestemor), Svein Tindberg (Simon) og Tove Skagestad (Leah).