Bronsebogen

Handlinga er lagt til Galilea på Jesu tid og vi følgjer den unge guten Daniel som kjempar mot romerane. Eit høyrespel for barn og unge i fem episodar, etter ei bok av Elizabeth George Speare. Dramatisert av Kjell Åsen. Instruktør: Jon Lennart Mjøen. Teknisk regi: Aage Sandaker. Sendt i Barnetimen.

5. Ven eller fiende

05.05.1979 18 min

Joel dukkar opp heime hos Daniel etter å ha loge i skjul ei stund. Dei to blir einige om å endre taktikk i kampen mot romerane. Leah blir sjuk og sengeliggjande og Daniel blir uroleg. Og han møter meisteren fra Nasaret igjen. Med bl.a: Alf Malland (forteljar), Øivind Blunck (Daniel), Svein Tindberg (Simon), Bjørn Skagestad (Joel), Hilde Sophie Plau (Thacia), Ivar Nørve (Marcus) og Tove Skagestad (Leah).