Stikkelsbærfolen

Eit musikalsk hørespill for barn i seks deler av Asger Pedersen, etter ei historie av Desmond Marwood. Sivert vil vinne over draken alle i byen er redde for, og går til gamle Peregrinus for å få hjelp. Grøne hestar, sjørøvarar, talande kamelar og anna trollskap går for seg i denne serien i seks delar. Omsett av Bjørn Endreson. Instruktør: Viktor Sandal. Teknisk regi: Aage Sandaker. Musikk: Fuzzy. Musikkmedarbeidar: Kåre Grøttum. Sendt i Barnetimen.

2. Sivert får meir enn hest

12.04.1980 23 min

Sivert vil vera riddar, men dei verkelege riddarane berre ler av han. Han har jo ikkje nokon hest! Hesten skaffar trollmannen Peregrinus han - ein grøn fole som heiter Stikkel og både kan snakke og syngje. Men Sivert treng meir enn ein hest om han skal kalla seg riddar... Blant dei som er med: Jon Eikemo (Herbert Hikkemikkel), Lasse Kolstad (Kong Buldrian) og Bjørn Birch-Aune.