Guten med bronseøksa

Høyrespel for born etter ei bok av Kathleen Fidler. Handlinga går føre seg i og omkring steinaldergrenda Skara Brae for om lag tre tusen år sidan. Heime hos steinhoggaren og hovdingen for Skarastamma, Birno, er dottera Kali og sonen Brockan vakne. Dei ligg under saueskinna i steinsenga og høyrer på havsuset og fugleskrika. Denne dagen vil dei vasse ut til skjera med dei store albogeskjela som smakar så godt. Syskena finn så mykje skjel at dei gløymer å koma seg inn før tidevatnet kjem. Ein framand gut i ein underleg båt bergar dei, og dei trur at han er ein havgud. Men jamvel om Tenko, som han heiter, er eit vanleg menneske, kjem han frå ein stad der livet er annleis enn i Skara Brae. Han slår seg ned hos Skarastamma, men ikkje alle set pris på Tenko og idéane hans. Instruktør: Knut Andersen. Teknisk regi: Terje Hellem.

4. Storm over Skara

28.05.1983 26 min

Det går som Lokar frykta. Naturen går amok og folk freister å berga seg frå stormen, men for Skara kan dei lite gjere. Naturen var for sterk for menneska den gong for tre tusen år sidan. I rollene medverkar bl.a.: Rolf Arly Lund (Birno), Ragnhild Hilt (Stempsi) og Marianne Krogh (Kali).

Bli med på
lufta!

Med NRK-brukeren din kan du delta i avstemninger og sende meldinger til ditt favorittprogram.

Før du sender melding...

For å kunne sende melding må du godta noen ekstra vilkår.