Friluftsmagasinet

Jakt, fiske, natur og miljøvern.

7. juli 2018

07.07.2018 55 min

Ei av dei historiske vandrerutene som Turistforeininga og Riksantikvaren har laga rundt om i landet, er Brudleruta i Vest-Agder. Dette var ein gamal ferdaveg mellom Kvinesdal og Sirdal, her gjekk også brudefølgja over fjellet til kyrkja. Brudle betyr ikkje berre brudefølgje, men også ei rekkje med steinar lagt etter kvarandre på fjellet, ein for kvar person i følgjet. Det går to dramatiske segner frå før og etter svartedauden om korleis namnet blei til der Brudleruta startar i Kvinesdal. I ein skjerma dal med fiskevatn og elver, grassletter og bærlyng, ligg Atlakstølen. I fjella er det ryper, elg og småvilt. På ein kaffipause langs den historiske Brudleruta kjem vi også inn på eit godt myggmiddel, som eigentleg er kløstillande salve. Vel oppe på fjellet får vi endeleg sjå brudlene, eller steinrekkjene, som eit mektig minne om farne tider.

Medvirkende

Gjest:
Johan Sunde
Gjest:
Tore Kvinlaug
Programleder:
Monika Blikås

Bli med på
lufta!

Med NRK-brukeren din kan du delta i avstemninger og sende meldinger til ditt favorittprogram.

Før du sender melding...

For å kunne sende melding må du godta noen ekstra vilkår.