Flukta til Watership
Kaninanes reise frå ein truga skog til ein tryggare stad. Av Richard Adams. Dramatisert av Tomas Blom og oversatt av Øystein Rosse. Musikk: Guttorm Guttormsen. Instruktør: Steinar Berthelsen. Teknisk regi: Arnfinn Christensen. Originaltittel: «Watership Down». Sendt i Barnetimen.
2. Raidet mot bondegarden
18.09.1987 • 32 min
Kaninane som forlet kolonien sin kom fram til nokre andre kaninar som var svært gjestfrie. Der fekk dei så mykje mat dei ville, men likevel var det noko som ikkje stemde. Femmar kjende på seg at noko var gale. Og i slutten av siste episode blei Hårfagre sitjande fast i ei snare. Med Henrik Scheele (forteljaren), Erik Lie (Femmar), Even Rasmussen (Løvetann), Per Chr. Ellefsen (Bjørnebær), m.fl.