Debatt i P2
Aktuelle kultur- og samfunnsdebatter
Hvem er dagens bonde?
24.03.2023 • 53 min
Dei siste 50 åra har tre av fire bønder lagt ned drifta. I ei fersk undersøking omtalt i tidsskriftet Bondevennen, seier heile 20 prosent av bøndene i matfylket Rogaland at dei vil leggja ned drifta innan 15 år. Og er du bonde, må du tola at mange har ei meining om deg: Det raude kjøtet du produserer har blitt fy, soyaen i kraftfôret likeså. Færre drikk mjølk og fleire vil sjekka dyrevelferda i fjøset ditt. Fleire munnar skal mettast enn nokon gong før, men aldri før har færre hatt kunnskapen om korleis maten skal produserast. Men korleis er eigentleg verkelegheita for bøndene? Og kven er morgondagens bonde - kan du, eg og media påverka utviklinga?
Medvirkende
- Arrangør:
- Civita
- Gjest:
- Hans Bårdsgård, kommentator i Nationen
- Gjest:
- Inger Lise Aarrestad Rettedal, bonde på Utstein Gard på Klosterøy, stiller for Stavanger Høyre i haustens lokalval.
- Gjest:
- Ingve B. Berntsen, bonde på Fjordfegarden, Gausland gard i Hå på Jæren
- Produsent:
- millimedia.no
- Programleder:
- Ekstern Produksjon
- Programleder:
- Ordstyrar: Bothild Å. Nordsletten, redaktør i fagbladet Bondevennen