Prix Radio-vinnere

Radiodoks prisvinnende dokumentarer.

Prix Italia: Kosher og kotelettar

01.08.2013 44 min

Anna og Rakel er dei einaste gjenlevande av ei familie på 11, men dei har ikkje møttest på fleire år, endå dei bur i same by. Dei er jødar. Dei overlevde begge krigen ved å flykte til Sverige. Sidan har dei gått kvar sin veg. Anna har halde på dei jødiske tradisjonane. Rakel har aldri vore i synagoga etter at ho gifta seg med ein nordmann. Kva skjer i ein familie når nokon vel å ”bli norsk” i forhold til dei som held på tradisjonane frå heimlandet? Av Rune Bjåstad. Første gang sendt i 2000.