Musikk, kunst og kultur

Radiodok-episoder som omhandler musikk, film, kunst og kultur.

Det flytande livet

11.04.2013 42 min

På vestlandet går bokbåten Epos mellom bittesmå bygder, eit flytande bibliotek og kulturscene for dei plassane som ikkje har så mykje av slikt. Men båten er òg ein heim. Det var den for radiodokumentaristen Maria Pile Svåsand og no reiser ho tilbake på jakt etter minnene og det gode bokbåtlivet.