Livsmestring

Dokumentarpodkaster som forteller om mennesker som har opplevd noe vanskelig, men funnet sin måte å mestre situasjonen.

Annleis nok?

04.03.2016 34 min

Shirin Jafari er 17 år, og studerar helse og oppvekstfag på Horten VGS. I fjor haust meldte mora hennar ho på eit kurs i mentalisering. Der fekk ho beskjed om at ho ikkje passa inn. Kurset var for ungdom og handla om å ta i bruk evna til å forstå kva andre føler. Psykologen trudde ikkje Shirin hadde den evna. I staden foreslo psykologen at ho burde bli sjekka for ein autismediagnose. – Eg ser det ikkje, men det er mange som har fått diagnosen som ikkje ser det sjølv, fortel Shirin. Shirin fekk plass til utgreiing hos Glenne regionale senter for autisme. Ho takka ja, sjølv om ho ikkje trudde at ho var sjuk. Mora til Shirin, Anahita, har i mange år slitt med å nå fram til dottera. Ho har oppsøkt hjelp, og i tre år har ho og Shirin gått til familieterapeut utan at det har gjort livet stort lettare. Kanskje er ein autismediagnose det som skal til for at Anahita kan få hjelp til å hjelpe si dotter? – Det er ikkje sånn at eg ønskjer at dottera mi skal få ein diagnose, men eg tenkjer at med ei diagnose kan det komme mykje hjelp, og mange svar. Det er det eg ønskjer. No har eg prøvd nesten alt og kanskje er det dette som må til. Får Shirin påvist ein form for autisme vil det iallfall innebere at dei får svar på kvifor ho er som ho er, og hjelp til å tilrettelegge skulekvardagen. Men har Shirin verkeleg autisme? Har ho vanskeleg for å forstå kva andre føler – eller bryr ho seg berre ikkje? Ein dokumentar av Lars Erik H. Andreassen.