Jobb og utdanning

Spennende fortellinger om spesielle yrkesvalg og utdanninger.

Usett

15.12.2016 29 min

– Der var den sendt! No får vi vente og sjå. I CV-en til Lena Gimse står det at ho er 26 år, og at ho har utdanning og leiarerfaring. Ho er utan tvil ein kvalifisert søkjar – problemet er berre at ho er blind. – Det er frustrerande å aldri vite om arbeidsgivaren kvir seg fordi eg er synshemma, eller om eg faktisk ikkje er kvalifisert, seier Lena. På eitt år har ho sendt frå seg femti søknadar. Femti avslag har kome i retur. – Det finst omlag 10.000 praktisk blinde i Norge. Av desse er det nokre tusen som ønskjer seg ut i jobb, anslår Sverre Fuglerud, seksjonsleiar for informasjon i Blindeforbund. Samstundes kjem blinde og synshemma nedst i søknadsbunken, viser ei undersøking gjort blant bedriftar i 2006. Under rullestolbrukarar, døve og tidlegare straffedømte. Fuglerud trur ikkje holdningane har forandra seg sidan den gong. – Mange seier jo at dei ikkje blir kalla inn til intervju dersom dei skriv at dei er blinde. Ein dokumentar av Lars Erik H. Andreassen og Frid K. Hansen.