Seriebeskrivelse

Kriminalhørespill i seks deler, etter ein roman av Daphne du Maurier. Grøss og romantikk er stikkord for forteljinga om unge Mary som kjem til det aude og vindsveipte Cornwall, lengst vest i England, for å bu hos tanta og onkelen sin som driv vertshuset Jamaica. Vertshuset har eit dårleg ord på seg, og skikkelege folk er redde og held seg unna ... Tilrettelagt for radio av Brian Gear. Omsett av Ivar Eskeland. Instruktør: Nils Nordberg. Teknisk regi: Robert Jørgensen. Musikk: "Drama in strings" av Dennis Farnon, "The Banks of Dunmore" (trad.), framført av John Wright, munnharpe. Annonsering ved Kari Linjordet.

Episodebeskrivelse

Joss Merlyn ottast berre eit menneske i verda - den mystiske leiaren for banden, han som var i vertshuset den natta ein mann kanskje vart drepen. Kven er han? Mary får no vite svaret ... Med: Elisabeth Sand (Mary Yellan), Lars Andreas Larssen (Francis Dervey), Jan Hårstad (Jem Merlyn), Rolf Sand (Domar Bassat). Astrid Folstad (Forteljaren), m.fl.

Tilgjengelig til:
Tilgjengelig i:
Verden
Første gang sendt:
NRK P1 · Lørdag 13. mars 1982 kl. 12:30
Siste gang sendt:
NRK P1 · Lørdag 13. mars 1982 kl. 12:30
Produksjonsår:
1982
Aldersgrense:
Tillatt for alle
Varighet:
35min 41s