Studio 2 - P2

Aktuelt kulturprogram

Studio 2

31.10.2017 1 t 53 min

For 100 år sidan vart ei einaste setning byrjinga på å legitimere arbeidet med å opprette staten Israel. Vi skal snakke om Balfour-erklæringa på 100 års-dagen. ** Det er ikkje i Midtausten, men i Afrika kampen mot islamsk ekstremisme vil stå. Men kven er i stand til, og villige til å ta kampen? ** Var det eigentleg Martin Luther som spikra tesane opp på kyrkjedøra i Wittenberg for 500 år sidan? Forfattar av ny Luther-biografi Atle Næss trur ikkje det. Han skal gi oss eit innsyn i mennesket Luther. ** Og kva skil eigentleg dei mange bøkene som har kome om reformasjonen i år frå kvarandre? Vår litteraturkritikar Knut Hoem har lese seg gjennom 500 års-jubileet. ** Hjernen til terroristen Stephen Paddock skal obduserast i håp om å finne svar på kvifor han drap 58 publikummarar og seg sjølv under ein festival i Las Vegas i oktober. Kva kan ein eigentleg finne i ei død hjerne? ** Korleis enda ein av kroppen sine livsviktige komponentar opp som eit symbol på skrekk og gru? På sjølvaste halloween skal vi sjå nærmare på blodet.

Medvirkende

Gjest:
Anne Kveim Lie
Gjest:
Atle Næss
Gjest:
Gaute Einevoll
Gjest:
Nils Butenschøn
Gjest:
Stig Jarle Hansen
Medvirkende:
Knut Hoem
Produsent:
Martha Våge
Programleder:
Otto Haug
Programleder:
Turi Grønbech