Studio 2 - P2

Aktuelt kulturprogram

Studio 2

05.09.2017 1 t 54 min

Rohingyane er verdas mest forfulgte minoritet, i følge FN. I Myanmar er over 120.000 av dei på flukt. Kven er dei eigentleg? Og kvifor vert dei forfølgt? Kor langt er du villig til å gå for kjærleiken? Karen Frøsland Nystøyl, teaterkritikar i NRK, melder det kontroversielle stykket Renset, av Sarah Kane. Galleri Brandstrup har vore ein sentral formidlar av biletkunst i 30 år, med ei god nase for nye talent, eit godt blikk for ulike teknikkar og eit hjarte for tradisjon og kvalitet. Reporter Cille Biermann har vore på jubileumsutstillinga. Kva er det eigentleg vi lurer på om MDG-leiar Rasmus Hansson? Reporter Einar Lie Slangsvold har sjekka kva nordmenn googler mest om partileiaren, også har han fått svar på spørsmåla frå Hansson sjølv. Noreg gjekk på eit knusande nederlag mot Tyskland i går. Er det eigentleg vits i at små fotballnasjonar speler mot verdas beste fotball-lag? Statsminister Erna Solberg vert kritisert for å ha brukt for mykje av oljepengane i si regjeringsperiode. Kva gjer eigentleg auka oljepengebruk med økonomien? Hugsar du noko av musikken frå storfilmen Titanic? Dei fleste av oss gjer det, og det er ikkje so rart. Komponist James Horner har nemlig brukt ei velkjend oppskrift på albumet som har selt over 30 millionar eksemplar.

Medvirkende

Gjest:
Andreas Selliaas
Gjest:
Rasmus Hansson
Gjest:
Tarald Rasmusen
Gjest:
Torben Henriksen
Gjest:
Torfinn Harding
Gjest:
Torun Torbo
Medvirkende:
Karen Frøsland Nystøyl
Produsent:
Martha Våge
Programleder:
Kristian Bendiksen
Programleder:
Otto Haug
Reporter:
Cille Biermann
Reporter:
Einar Lie Slangsvold