Stikkelsbærfolen

Eit musikalsk hørespill for barn i seks deler av Asger Pedersen, etter ei historie av Desmond Marwood. Sivert vil vinne over draken alle i byen er redde for, og går til gamle Peregrinus for å få hjelp. Grøne hestar, sjørøvarar, talande kamelar og anna trollskap går for seg i denne serien i seks delar. Omsett av Bjørn Endreson. Instruktør: Viktor Sandal. Teknisk regi: Aage Sandaker. Musikk: Fuzzy. Musikkmedarbeidar: Kåre Grøttum. Sendt i Barnetimen.

1. Stikkel kjem til verda

Sesong 1 · 20 min

Sivert vil vera riddar, men dei verkelege riddarane berre ler av han. Han er for liten, seier dei, og ikkje har han nokon hest heller. Men Sivert er god ven med trollmannen Peregrinus - kanskje han veit råd? Blant dei som er med: Rolf Just Nilsen (trollmannen Peregrinus), Knut Risan (Stikkel, grøn hest), Ivar Tindberg (Sivert, elleve år).