Spillerom

NRK P2s samtidsmusikkprogram gir deg opplevelser gjennom nye musikalske uttrykk.

Lydinstallasjon, tysk postpunk og jubileumskonserten Janus

16.10.2022 57 min

Ved hjelp av lyd frå togreiser, meldingar over høgtalaranlegg, støy og stasjonsklang har Maia Urstad skapt ei draumeaktig reise gjennom eit lydlandskap som kanskje vil forsvinne. Installasjonen FERD kunne ein oppleve på Ultima i år. Korleis tenkjer eigentleg ein lydkunstnar om form? - Menn er sexy, eg likar menn… men det er meir naturleg for meg å samarbeide med kvinner, seier postpønk- og elektronikaartist, DJ, radioprogramleiar og eigar av plateselskap Gudrun Gut, ein sentral, men uavhengig figur på musikkscena i Berlin, som no soloartist og mentor for unge kvinner i bransjen. Kva tar ho med seg frå pønkrørsla si livshaldning? Kva fann ho i musikken til Stockhausen? Og korleis har det gått til at ho er på Ultima? Vi gratulerer Ingela Øien som feirer førtiårsjubileum som fløytist i Bergen filharmoniske orkester! I tillegg til symfoniorkesteret har ho jobba i BIT20 sidan samtidsensemblet starta opp i 1989. Elles er det naturen, sauer, høns og dessutan taekwondo som held fløytisten i toppform. I høve jubileet har ho tinga ein konsert frå komponist Knut Vaage. Fløytekonserten har fått namn etter den romerske guden Janus. Kvifor? Vaage og Øien har samarbeidd og kjent kvarandre i ei årrekkje. Klarar dei framleis å utfordre kvarandre?

Medvirkende

Gjest:
Gudrun Gut
Gjest:
Ingela Øien
Gjest:
Knut Vaage
Gjest:
Maia Urstad
Komponist:
Gudrun Gut
Komponist:
Knut Vaage
Komponist:
Maia Urstad
Omtalt:
Blixa Bargeld
Omtalt:
Juanita Melson
Programleder:
Marion Hestholm