Spillerom Søndag
Rolf Gupta og Borealis
27.03.2022 • 57 min
Rolf Gupta (f. 1967) kom til Borealis-festivalen i år i både i rolla som komponist og dirigent. Sjøforsvarets musikkorps urframførte hans In Memoriam, skrive til minne om far hans, som gjekk bort i 2021. Verket baserer seg både på vedisk visdom og tibetansk meditasjon. Vi snakkar med Gupta om opphav og identitet og om representasjon og mangfald i norsk musikkfelt – tema som Borealis-festivalen set på dagsorden. Vi høyrer også frå Jordens Sang av Rolf Gupta, eitt av verka Norsk Komponistforening kåra til Årets verk 2021. Også her har Gupta dratt vekslar på 3000 år gamle indiske tekstar. Under Borealis-paraplyen inviterte konsertserien Avgarde til treningsmusikk: ein treningstime med instruktør, til aldeles nyskriven musikk av tre bergensbaserte komponistar, Ole-Andreas Førde, Kathrine Bauck og Ruth Bakke. Det baud på mangslags utfordringar både for instruktør, komponistar og eit lattermildt festivalpublikum.
Medvirkende
- Gjest:
- Emilie Irgens
- Gjest:
- Kathrine Bauck
- Gjest:
- Ole-Andreas Førde
- Gjest:
- Rolf Gupta
- Gjest:
- Ruth Bakke
- Komponist:
- Kathrine Bauck
- Komponist:
- Ole-Andreas Førde
- Komponist:
- Rolf Gupta
- Komponist:
- Ruth Bakke
- Lydtekniker:
- Erlend Myrstad
- Produsent:
- Haakon Gunby
- Programleder:
- Marion Hestholm