Spillerom
Ny slagverkskonsert fra Ørjan Matre
16.01.2022 • 57 min
Ørjan Matre (f.1979) er ein bergensbasert komponist utdanna ved Norges Musikkhøgskole. Han er kjend som ein svært kompetent og produktiv orkesterkomponist og han får mange tingingar frå utøvarar, ensemblar og orkester, får profilerte oppdrag, som å arrangere Ja vi elsker, og har blitt nominert til Nordisk Råds Musikkpris (2020). Matres nye konsert for slagverk og orkester er tinga av Hans-Kristian Kjos Sørensen, som har tinga fire verk av norske komponistar dei seinaste åra. Han var solist i urframføringa i Grieghallen sist torsdag, 13. januar, der Bergen filharmoniske orkester vart leia av franske Ludovic Morlot. Vi får ei omvising i Kjos Sørensens instrumentarium, og vi spør korleis komponist Matre kjenner seg etter første gjennomspeling med BFO på tysdag. Vi får høyre heile konserten til Matre, og NRKs klassiskanmelder Eystein Sandvik fortel kva han tenkjer om det nye verket, som på godt og vondt er eit produkt av pandemitida.
- Bergen Filharmoniske Orkester - Slagverkkonsert
- Bergen Filharmoniske Orkester + Juanjo Mena (dirigent) + Rolf Borch - Inside out
- Peter Herresthal + Rolf Gupta (dirigent) + Stavanger Symfoniorkester - Fiolinkonsert: II
- Bergen Filharmoniske Orkester + Edward Gardner (dirigent) + Johannes Wik - «…yet from those flames no light…» for harpe og orkester
- Bergen Filharmoniske Orkester + Edward Gardner (dirigent) - Lyric Pieces - Musical comments on six of Edvard Grieg's piano pieces
- Bergen Filharmoniske Orkester - Slagverkkonsert
- Bergen Filharmoniske Orkester - Slagverkkonsert
Medvirkende
- Fotograf:
- Henning Målsnes/BFO
- Gjest:
- Eystein Sandvik
- Gjest:
- Hans-Kristian Kjos Sørensen
- Gjest:
- Ørjan Matre
- Komponist:
- Ørjan Matre
- Produsent:
- Haakon Gunby
- Programleder:
- Marion Hestholm