Spillerom Søndag

Spillerom Søndag

28. mars

28.03.2021 · 57 min

Under Borealis-festivalen, som vart avslutta sist søndag i Bergen fekk publikum oppleve eit nytt audiovisuelt verk med ei spesiell forhistorie, som også involverer NRK P2, Spillerom søndag. For i 2018 sende vi eit portrettprogram om komponist og organist Ruth Bakke. Éin lyttar merka seg spesielt dette programmet, nemleg videokunstnar Anne-Marthe Dyvi. Ruth Bakkes musikk gjorde så sterkt inntrykk på henne, at ho tok kontakt med komponisten. Og det resulterte i eit samarbeid to ulike og sterke kunstnarpersonlegdomar frå kvar sin disiplin og kvar sin sin generasjon: Ruth Bakke fødd i 1947 og Anne Marthe Dyvi i 1978. Då Dyvi introduserte prosjektet for Borealis, ville festivalleiinga bestille verket. Etter to år, vart resultatet av arbeidet presentert på konsertforestilling i Storetveit kirke den 19. mars, under Borealis – festivalen. Vi får høyre Ruth Bakke spele sitt nykomponerte musikkverk, til to ulike videomontasjer av Anne-Marthe Dyvi. Etter konserten, vart publikum invitert til konsertsamtale mellom komponist og videokunstner, om verket, samarbeidet, og hierarki og moblitet i kunstfelta. Samtalen vart leia av programleiar for Spillerom søndag, Marion Hestholm.

Mer informasjon

Tilgjengelig fra:
28. mars 2021 kl. 17:03
Tilgjengelig til:
24. september 2021 kl. 22:00
Produksjonsår:
2021
Lengde:
57 min

Medvirkende

Medvirkende:
Anne Marthe Dyvi
Medvirkende:
Ruth Bakke
Produsent:
Marion Hestholm
Programleder:
Marion Hestholm