Spillerom Søndag

Spillerom Søndag

Borealis 2021

14.03.2021 · 57 min

Komponistar som har vore berømte og feira i samtida si, kan bli skrivne ut av historia etter at er døde. Kva mekanismer styrer – er berre det kvalitet og originalitet som avgjer ettermælet til ein komponist, eller er hersketeknikkar verksame i historieskrivinga? Vi diskuterer spørsmålet med NRKs klassiskanmeldar Eystein Sandvik, som trekkjer fram eit knippe utgivingar som på kvar sin måte står for ei avkolonisering av musikkhistoria. Og Borealis-festivalen opnar i Bergen 17. mars. Dagleg leiar Tine Rude (biletet) fortel om programmet for i år, om sjøvstendige digitale verk, og om tankane festivalen har om mangfald og rollemodellar. Korleis måler ein mangfald? Vi møter også vokalkunstnar og komponist Agnes Hvizdalek som gjennom deltakinga i mentorprogrammet Borealis har fått stadfesta at ho kan kalle seg komponist. På prøvene på hennar What If, skrive for tidligmusikk-ensemblet Currentes, får vi også bli kjent med instrumentet organetto – stort sett kjent som englerekvisitt på middelalderbilete!

Mer informasjon

Tilgjengelig fra:
14. mars 2021 kl. 17:03
Tilgjengelig til:
10. september 2021 kl. 22:00
Produksjonsår:
2021
Lengde:
57 min

Medvirkende

Gjest:
Eystein Sandvik
Gjest:
Agnes Hvizdalek
Gjest:
Hans Knut Sveen
Gjest:
Tine Rude
Omtalt:
Bettina Smith
Produsent:
Marion Hestholm
Programleder:
Marion Hestholm