Kunne ikke spille av fordi JavaScript ikke ble funnet!

Aktiver JavaScript i innstillingene til din nettleser.

Les mer på hjelpesiden.

Spillerom Søndag

5. november

Kunne ikke spille av fordi JavaScript ikke ble funnet!

Aktiver JavaScript i innstillingene til din nettleser.

Les mer på hjelpesiden.

Episodebeskrivelse

Donaueschinger Musiktage vart etablert i 1921 og er dermed er ein av de aller eldste og mest prestisjefylte festivalar for ny musikk, med publikum frå heile Europa og stor mediedekking. I år vart to norske komponister urframført på festivalen – men er det tyske og kontinentale publikummet klart for norsk musikk? Spillerom Søndag har vore i Donaueschingen på samtidsmusikkfestival – og snakka med komponistane Øyvind Torvund og Eivind Buene – etter at deira verk blei urframført der. Vi markerer Norsk Komponistforenings 100-årsjubileum i haust i Spillerom Søndag med ein serie musikalske drypp frå dei siste hundre åra av norsk musikkhistorie – og det er no klart for 8. episode. På 80-tallet fortsette det å vekse rundt den nye musikken, og ein svært viktig tilvekst var samtidsensembla som blei grunnlagde på denne tida – som Oslo Sinfonietta med oppstart i 1986 . Komposisjonsutdanninga vart også utvida i denne perioden, og fleire lærarar fekk særleg tyding for studiet og for nye komponistgenerasjonar – slik som Olav Anton Thommessen og Lasse Thoresen på Norges musikkhøgskole. Serien vert laga av reporter Kristin Kverndokk saman med songar og kritikar Astrid Kvalbein og komponist Morten Christophersen - begge også tilknytt Institutt for musikkvitskap ved UiO.

Kategori: Musikk
Tilgjengelig til:
Tilgjengelig i:
Verden
Første gang sendt:
NRK P2 · Søndag 5. november 2017 kl. 17:03
Siste gang sendt:
NRK P2 · Søndag 5. november 2017 kl. 17:03
Produksjonsår:
2017
Aldersgrense:
Tillatt for alle
Varighet:
57 minutter