Kunne ikke spille av fordi JavaScript ikke ble funnet!

Aktiver JavaScript i innstillingene til din nettleser.

Les mer på hjelpesiden.

Episodebeskrivelse

Den 13 år gamle skulejenta Iman Darweesh al-Hams blei brutalt drepen av ein israelsk troppsjef ein oktobermorgon i 2004, då ho skulle ta ein snarveg til skulen og gjekk inn på eit område som var forbode for palestinarar. Troppsjefen som skaut jenta viste ingen anger. Han vart seinere forfremja til major og fått økonomisk kompensasjon for tida han sat i fengsel. Denne hendinga, rettsaka og etterspillet i media, utgjer materialet i Håkon Berges rekviem som vart urframført under Ultima i år. Tittelen er 'bare en stillhet som kaster meg ut i universet av ensomhet'. Korleis vågar han å lage kunst av ei så konkret, hjerteskjerande og meiningslaus hending?Norsk Komponistforening 100 år. Fjerde del av ei radioreise med musikalske og historiske drypp frå dei siste 100 åra av norsk musikkhistorie. I dag om musikk til fjernsynsteater og film på 50-tallet, samt nokre verkelege slagarar. Saman med Astrid Kvalbein og Morten Christophersen (begge Institutt for musikkvitskap, UiO) går reportar Kristin Kverndokk inn den litt hemmelege døra til Radioteatret i Radiohuset på NRK. Radioteater, TV og film har vore ein viktig arena for fleire norske komponistar. Musikk av blant andre Maj og Gunnar Sønstevold og Edvard Fliflet Bræin - og fleire klipp frå NRKs arkiv! Danske Thorbjørn Tønder Hansen skal overta som kunstnarleg leiar for Ultima. Han har budd i Oslo før og er kjend i samtidsmusikkmiljøet i hovudstaden, men kven er han, og korleis vil han forme Ultima? Spillerom Søndag intervjua Tønder Hansen på Sentralen i forkant av Komponistforeningens jubileumskonsert og avslutningskonserten for Ultima.

Kategori: Musikk
Tilgjengelig til:
Tilgjengelig i:
Verden
Første gang sendt:
NRK P2 · Søndag 24. september 2017 kl. 17:03
Siste gang sendt:
NRK P2 · Søndag 24. september 2017 kl. 17:03
Produksjonsår:
2017
Aldersgrense:
Tillatt for alle
Varighet:
57 minutter