Spillerom Søndag
25. mars 2018
Seriebeskrivelse
Episodebeskrivelse
Kva står på spill når ein skriv musikk? Og kva vil det seie å ta ein risiko når ein skriv musikk i dag? På en festival for eksperimentell musikk er publikum vande med å forvente ‘kva som helst’, men fins det nokre tabu også her? Spillerom søndag diskuterer desse spørsmåla med Knut Vaage og Sigurd Fischer Olsen, som kvar på sin måte har sett noko på spill når dei har skrive musikk Valen Trio. Samtidsmusikk er ikkje berre pling plong - vi presenterer nye innspelingar av musikk av Cecilie Authen, Marcus Paus og Gisle Krogseth, tre komponistar som alle nyttar eit tonespråk kjent frå seinromantisk, impresjonistisk og neoklassisk musikk.