Spillerom Søndag
19. mars 2017
Seriebeskrivelse
Episodebeskrivelse
Cellist og komponist Okkyung Lee fortel om korleis det er å være eksperimentell musikar i Trumps USA.Den New York-baserte musikaren opplever at ho, og fleire av hennar kollegaer, går gjennom ei krise i desse tider: korleis kan ein som kunstnar respondere på dei store endringene i det politiske klimaet? Gamle ånder er med på lasset når Japans store koto-spelar Michiyo Yagi går inn i den eksperimentelle sonen saman med gitarist Eivind Aarseth og bassist Ingebrigt Haaker Flaten. Vi høyrer fra konserten på Nasjonal jazzscene med Michiyo Yagi på koto, Tamayo Honda - trommer, Eivind Aarseth - gitar, og Ingebrigt Haaker Flaten, bass.