Kunne ikke spille av fordi JavaScript ikke ble funnet!

Aktiver JavaScript i innstillingene til din nettleser.

Les mer på hjelpesiden.

Spillerom Søndag

11. februar

Kunne ikke spille av fordi JavaScript ikke ble funnet!

Aktiver JavaScript i innstillingene til din nettleser.

Les mer på hjelpesiden.

Episodebeskrivelse

Mozart og Haydn skreiv mange titalls symfoniar over ein kjend formmodell med tre-fire korte satsar. Men korleis er det å skrive symfonisk musikk i vår tid? Må ein finne opp hjulet på nytt kvar gong? Ein av dei som skriv orkestermusikk i dag er Asbjørn Schaathun. Han trur ikkje lenger på den store symfoniske forteljinga, men korleis byggjer han då opp eit lengre orkesterverk? Vi får høyre om hans symfoniske svanesang, Solomon's House, urframført 2. februar av Bergen filharmoniske orkester leia av Edward Gardner. Natasha Barrett har eit internasjonalt namn innan elektroakustisk musikk, og i september kom den ellevte utgivnaden hennar. Denne er no nominert til Spellemannspris i kategorien Samtid, saman med Christian Bloms 'Bring Me That Horizon', Jan Erik Mikalsens 'Saan' og Eivind Buenes Viloin Concerto/ Miniatures. Spillerom Søndag møtte Natasha Barrett heime i Hvalstad – der fekk vi forklart omgrepet akusmatisk musikk. Saka vart første gong send i september. Øystein Blix er trombonist, men skriv også eigne verk. Light memories of summer var tinga av messingblåsarane i ensemblet "Tre tromboner og en bass". Øystein dro på tre vekers fjelltur i Sør-Trøndelag med kjærasten, og undervegs på fjellturen komponerte han 4. satsar som skulle passe til vêret og terrenget.

Kategori: Musikk
Tilgjengelig til:
Tilgjengelig i:
Verden
Første gang sendt:
NRK P2 · Søndag 11. februar 2018 kl. 17:03
Siste gang sendt:
NRK P2 · Søndag 11. februar 2018 kl. 17:03
Produksjonsår:
2018
Aldersgrense:
Tillatt for alle
Varighet:
57 minutter