Seriebeskrivelse

Episodebeskrivelse

Kva er latskap, og kan du tenke deg eit hospits for dei late? Latskapen står ikkje høgt i kurs i vårt samfunn, han har ingen nyttefunksjon, i motsetnad til meditasjon og avspenning - men kan det være noko som helst å hente i latskap? På USF i Bergen stod komponist og performance artist Alwynne Pritchard på scena saman med Alpaca Ensemble i ei slåande forestilling, som problematiserer latskap ved hjelp av spesialkonstruerte, ‘ortopediske’ instrument, grenseoverskridande fysiske anstrengelsar og scenisk medvitne musikarar. Grete Pedersen og Det Norske Solistkor skal gi ut Coro av Luciano Berio på plate, saman med musikarar frå Kringkastingsorkesteret. Eit storverk, både i ambisjon og omfang - skrive for 40 stemmer og 40 instrument. Berio var kjent for å ha eit nært forhold til røysta og skreiv mykje vokalmusikk. Det vert sagt om Coro at det fører saman det beste i Berios musikk. Vi møter dirigent og songarar i ei travel tid med øving og partiturlesing.

Kategorier: Musikk
Tilgjengelig til:
Tilgjengelig i:
Verden
Første gang sendt:
NRK P2 · Søndag 28. januar 2018 kl. 16:03
Siste gang sendt:
NRK P2 · Søndag 1. juli 2018 kl. 15:03
Produksjonsår:
2018
Aldersgrense:
Tillatt for alle
Varighet:
57min