Spillerom Søndag
21. januar 2018
Seriebeskrivelse
Episodebeskrivelse
Borealis lanserte festivalprogrammet sitt sist onsdag. Spillerom Søndag snakka med festivalleiar Peter Meanwell om ambisjonane han og dagleg leiar Tine Rude har som kuratorar: ikkje berre om kjønnsbalanse blant komponistar og utøvarar på programmet, men også om å gi rom for grupper i samfunnet som sjeldan er representerte musikk- og kunstfeltet. Kan sosiale og politiske omsyn gå på kostnad av kvalitet? Og korleis hamnar reporter på ein parkeringsplass i Åsane i samtale med to kranførarar? Seasons er eit verk skrive av fire ulike komponistar - det er nyleg innspelt på plate med duoen Stormglas. Vi møtte Martin Rane Bauck som har skrive Vinteren.