Spillerom Søndag

Spillerom Søndag

Søndag 28. februar

28.02.2021 · 57 min

Mezzosopran Bettina Smith (foto: Yaniv Cohen) har stått for fleire utgivingar av norsk og europeisk lied- og romanserepertoar, saman med pianist Jan Willem Nelleke. På den siste utgivinga hennar, The Artist’s Secret, fins 25 songar av ni kvinnelege komponistar som var feira i samtida si, men som i ettertida er skrivne ut av dei store musikkhistorieverka, og forsvunne frå standardrepertoaret. Kvifor? Spillerom søndag møter Bettina Smith, som etter å ha drive ein del musikalsk arkeologi, kan fortelje om rørande og gåtefulle komponistlagnader. Foreininga Avgarde i Bergen gav fire komponistar i oppdrag å skrive kvar sin miniopera, som skulle være lett å flytte på, og som skulle kreve eit så lite apparat som mulig. Dei fire komponistane var Maia Urstad, Tor Anders Eri, Erik Håkon Halvorsen og Tonje Hernes. Verka vart sett opp på Cornerteatret i Bergen den 5. februar. Spillerom søndag fekk vere med på prøvene, og snakke med komponistane om deira vegar inn i operaen.

Mer informasjon

Tilgjengelig fra:
28. februar 2021 kl. 17:03
Tilgjengelig til:
27. august 2021 kl. 22:00
Produksjonsår:
2021
Lengde:
57 min

Medvirkende

Gjest:
Bettina Smith
Gjest:
Maia Urstad
Gjest:
Tonje Hernes
Gjest:
Tor Anders Eri
Komponist:
Erik Håkon Halvorsen
Komponist:
Maia Urstad
Komponist:
Tonje Hernes
Komponist:
Tor Anders Eri
Musiker:
Eva Pfitzenmaier
Musiker:
Jan Willem Nelleke
Musiker:
Ole Andre Farstad
Musiker:
Hilde Annine Hasselberg
Produsent:
Marion Hestholm
Programleder:
Marion Hestholm