Spillerom

NRK P2s samtidsmusikkprogram gir deg opplevelser gjennom nye musikalske uttrykk.

Ny slagverkskonsert fra Ørjan Matre

16.01.2022 57 min

Ørjan Matre (f.1979) er ein bergensbasert komponist utdanna ved Norges Musikkhøgskole. Han er kjend som ein svært kompetent og produktiv orkesterkomponist og han får mange tingingar frå utøvarar, ensemblar og orkester, får profilerte oppdrag, som å arrangere Ja vi elsker, og har blitt nominert til Nordisk Råds Musikkpris (2020). Matres nye konsert for slagverk og orkester er tinga av Hans-Kristian Kjos Sørensen, som har tinga fire verk av norske komponistar dei seinaste åra. Han var solist i urframføringa i Grieghallen sist torsdag, 13. januar, der Bergen filharmoniske orkester vart leia av franske Ludovic Morlot. Vi får ei omvising i Kjos Sørensens instrumentarium, og vi spør korleis komponist Matre kjenner seg etter første gjennomspeling med BFO på tysdag. Vi får høyre heile konserten til Matre, og NRKs klassiskanmelder Eystein Sandvik fortel kva han tenkjer om det nye verket, som på godt og vondt er eit produkt av pandemitida.

Medvirkende

Fotograf:
Henning Målsnes/BFO
Gjest:
Eystein Sandvik
Gjest:
Hans-Kristian Kjos Sørensen
Gjest:
Ørjan Matre
Komponist:
Ørjan Matre
Produsent:
Haakon Gunby
Programleder:
Marion Hestholm