Raskolnikov

12. Til Sibir

Seriebeskrivelse

Hørespill i 12 deler, basert på Fjodor Dostojevskij si namngjetne roman "Brotsverk og straff" / "Forbrytelse og straff" (Prestuplenie i nakazanie, 1866). St. Petersburg omkring 1860. Studenten Raskolnikov er lutfattig og har inga von om ei betre framtid. Han isolerer seg, byrjar tru han er eit overmenneske som kan gjere det han vil, til og med ta liv. Han drep pantelånarkona Aljona Ivanovna - ei "lus", et mindreverdig "skadeleg" menneske, og søster hennar Lisaveta. Etter mordet går han inn i ein feberliknande tilstand, får sterke samvitskval og går gjennom skakande krisar - som gjer at han til slutt melder seg sjølv til politiet. Gjennom denne vedkjenningsprosessen set Dostojevskij lys på forbrytarpsykologi - samvit, skuld, soning.

Episodebeskrivelse

av Fjodor Dostojevskij, serie i 12 delar etter romanen "Brotsverk og straff". Etter hard sjelekamp går Raskolnikov, brotsmannen som til no har prøvt slippe unna politi og straff, endeleg til politiet og tilstår alt han har gjort. Men det er ikkje slutten på historia. T.d. er Sonja framleis i biletet. Epilog. Omsett, dramatisert og instruert av Tormod Skagestad. Teknisk regi: Odd Johan Nilsen. Dei som er med: Odd Furøy (Forteljar), Bjørn Skagestad (Rodion Raskolnikov), Bab Christensen (Pulkheria), Ragnhild Hilt (Dunja), Hilde Sophie Plau (Sonja), Ivar Nørve (Løytnant Krutt). Elles er desse med: Bonne Gauguin, Magne Lindholm og Arne Lindtner Næss. Annonsering ved Kari Linjordet. (12:12)

Tilgjengelig til:
Tilgjengelig i:
Verden
Første gang sendt:
NRK P1 · Fredag 1. februar 1980 kl. 23:00
Siste gang sendt:
NRK P1 · Fredag 1. februar 1980 kl. 23:00
Produksjonsår:
1979
Aldersgrense:
Tillatt for alle
Varighet:
45min 10s