Raskolnikov

10. I nettet

Seriebeskrivelse

Hørespill i 12 deler, basert på Fjodor Dostojevskij si namngjetne roman "Brotsverk og straff" / "Forbrytelse og straff" (Prestuplenie i nakazanie, 1866). St. Petersburg omkring 1860. Studenten Raskolnikov er lutfattig og har inga von om ei betre framtid. Han isolerer seg, byrjar tru han er eit overmenneske som kan gjere det han vil, til og med ta liv. Han drep pantelånarkona Aljona Ivanovna - ei "lus", et mindreverdig "skadeleg" menneske, og søster hennar Lisaveta. Etter mordet går han inn i ein feberliknande tilstand, får sterke samvitskval og går gjennom skakande krisar - som gjer at han til slutt melder seg sjølv til politiet. Gjennom denne vedkjenningsprosessen set Dostojevskij lys på forbrytarpsykologi - samvit, skuld, soning.

Episodebeskrivelse

av Fjodor Dostojevskij, serie i 12 delar etter romanen "Brotsverk og straff". Godseigaren Svidrigailov vil ha Raskolnikov til å hjelpe seg med å overtale søster si, Dunja, som han elskar. Gjennom veggen høyrde han Raskolnikov tilstå brotsverket sitt for Sonja – han er med andre ord eit farleg vitne. Omsett, dramatisert og instruert av Tormod Skagestad. Teknisk regi: Odd Johan Nilsen. Dei som er med: Odd Furøy (Forteljar), Bjørn Skagestad (Rodion Raskolnikov), Ragnhild Hilt (Dunja), Øivind Blunck (Lebesjatnikov), Henny Moan (Katarina Ivanovna), Hilde Sophie Plau (Sonja), Per Sunderland (Svidrigailov), Vidar Sandem (Rasumikhin), Joachim Calmeyer (Porfyrij Petrovitsj). Elles er desse med: Magne Lindholm, Bjørn Jenseg, Arne Lindtner Næss og Bonne Gauguin. Annonsering ved Kari Linjordet. (10:12)

Tilgjengelig til:
Tilgjengelig i:
Verden
Første gang sendt:
NRK P1 · Fredag 18. januar 1980 kl. 23:00
Siste gang sendt:
NRK P1 · Fredag 18. januar 1980 kl. 23:00
Produksjonsår:
1979
Aldersgrense:
Tillatt for alle
Varighet:
45min 43s