Raskolnikov

7. Oppgjer

Seriebeskrivelse

Hørespill i 12 deler, basert på Fjodor Dostojevskij si namngjetne roman "Brotsverk og straff" / "Forbrytelse og straff" (Prestuplenie i nakazanie, 1866). St. Petersburg omkring 1860. Studenten Raskolnikov er lutfattig og har inga von om ei betre framtid. Han isolerer seg, byrjar tru han er eit overmenneske som kan gjere det han vil, til og med ta liv. Han drep pantelånarkona Aljona Ivanovna - ei "lus", et mindreverdig "skadeleg" menneske, og søster hennar Lisaveta. Etter mordet går han inn i ein feberliknande tilstand, får sterke samvitskval og går gjennom skakande krisar - som gjer at han til slutt melder seg sjølv til politiet. Gjennom denne vedkjenningsprosessen set Dostojevskij lys på forbrytarpsykologi - samvit, skuld, soning.

Episodebeskrivelse

av Fjodor Dostojevskij, serie i 12 delar etter romanen "Brotsverk og straff". Søster til Raskolnikov, Dunja, har kome til Petersburg saman med mor deira. Ho har to friarar, og Raskolnikov tykkjer ikkje om nokon av dei. Dette gir han mykje å tenkje på, samstundes som han blir meir og meir full av uro over mordet og alt det fører med seg. Omsett, dramatisert og instruert av Tormod Skagestad. Teknisk regi: Odd Johan Nilsen. Dei som er med: Odd Furøy (Forteljar), Bjørn Skagestad (Rodion Raskolnikov), Per Sunderland (Svidrigailov), Vidar Sandem (Rasumikhin), Lasse Kolstad (Herr Lusjin), Ragnhild Hilt (Dunja), Bab Christensen (Pulkheria), Hilde Sophie Plau (Sonja). Annonsering ved Kari Linjordet. (7:12)

Tilgjengelig til:
Tilgjengelig i:
Verden
Første gang sendt:
NRK P1 · Fredag 28. desember 1979 kl. 23:00
Siste gang sendt:
NRK P1 · Fredag 28. desember 1979 kl. 23:00
Produksjonsår:
1979
Aldersgrense:
Tillatt for alle
Varighet:
36min 44s