Raskolnikov

4. Mistenkt

Seriebeskrivelse

Hørespill i 12 deler, basert på Fjodor Dostojevskij si namngjetne roman "Brotsverk og straff" / "Forbrytelse og straff" (Prestuplenie i nakazanie, 1866). St. Petersburg omkring 1860. Studenten Raskolnikov er lutfattig og har inga von om ei betre framtid. Han isolerer seg, byrjar tru han er eit overmenneske som kan gjere det han vil, til og med ta liv. Han drep pantelånarkona Aljona Ivanovna - ei "lus", et mindreverdig "skadeleg" menneske, og søster hennar Lisaveta. Etter mordet går han inn i ein feberliknande tilstand, får sterke samvitskval og går gjennom skakande krisar - som gjer at han til slutt melder seg sjølv til politiet. Gjennom denne vedkjenningsprosessen set Dostojevskij lys på forbrytarpsykologi - samvit, skuld, soning.

Episodebeskrivelse

av Fjodor Dostojevskij, serie i 12 delar etter romanen "Brotsverk og straff". Raskolnikov drap ein utsugar, pantelånarkona Aljona Ivanovna, fordi han meinte at han moralsk rett til det. Men da han i panikk kom til å ta livet av den gode søstera hennar óg, fekk svolt og sjokk han til å falle i uvit. I fleire dagar var han sjuk. Sidan kjem han tilbake til åstaden, og der ter han seg så merkeleg at folk må undrast – Omsett, dramatisert og instruert av Tormod Skagestad. Teknisk regi: Odd Johan Nilsen. Dei som er med: Odd Furøy (Forteljar), Bjørn Skagestad (Rodion Raskolnikov), Vidar Sandem (Rasumikhin), Bjørn Sundquist (Sametov), Henny Moan (Katarina Ivanovna), Pål Skjønberg (Marmeladov), Ragnhild Hilt (Dunja), Bab Christensen (Pulkheria), Hilde Sophie Plau (Sonja), Tove Skagestad (Poljenka), Elisabeth Sand (Ung kvinne). Elles er desse med: Sverre Wilberg, Alf Malland, Erik Øksnes, Arne Lindtner Næss, Roy Bjørnstad, Magne Lindholm, Eli Anne Linnestad, Ragnar Dyresen, Johan Kjelsberg, Frimann Falck Clausen, Bjørn Jenseg og Bonne Gauguin. Annonsering ved Kari Linjordet. (4:12)

Tilgjengelig til:
Tilgjengelig i:
Verden
Første gang sendt:
NRK P1 · Fredag 7. desember 1979 kl. 23:00
Siste gang sendt:
NRK P1 · Fredag 7. desember 1979 kl. 23:00
Produksjonsår:
1979
Aldersgrense:
Tillatt for alle
Varighet:
35min 40s