Raskolnikov

3. Feber

Seriebeskrivelse

Hørespill i 12 deler, basert på Fjodor Dostojevskij si namngjetne roman "Brotsverk og straff" / "Forbrytelse og straff" (Prestuplenie i nakazanie, 1866). St. Petersburg omkring 1860. Studenten Raskolnikov er lutfattig og har inga von om ei betre framtid. Han isolerer seg, byrjar tru han er eit overmenneske som kan gjere det han vil, til og med ta liv. Han drep pantelånarkona Aljona Ivanovna - ei "lus", et mindreverdig "skadeleg" menneske, og søster hennar Lisaveta. Etter mordet går han inn i ein feberliknande tilstand, får sterke samvitskval og går gjennom skakande krisar - som gjer at han til slutt melder seg sjølv til politiet. Gjennom denne vedkjenningsprosessen set Dostojevskij lys på forbrytarpsykologi - samvit, skuld, soning.

Episodebeskrivelse

av Fjodor Dostojevskij, serie i 12 delar etter romanen "Brotsverk og straff". Raskolnikov meinte han hadde moralsk rett til å drepe pantelånarkona Aljona Ivanovna, men at han skulle kome til å ta livet av søster hennar óg, det hadde han ikkje rekna med. Han gøymer alt han har stole frå kona, og så grip feberen han så hardt at han blir liggjande medvitslaus i fleire døgn. Omsett, dramatisert og instruert av Tormod Skagestad. Teknisk regi: Odd Johan Nilsen. Dei som er med: Odd Furøy (Forteljar), Bjørn Skagestad (Rodion Raskolnikov), Jorunn Kjellsby (Nastasja), Vidar Sandem (Rasumikhin), Karl Bomann-Larsen (Sosimov, doktor), Lasse Kolstad (Herr Lusjin), Are Storstein (Visargut). Annonsering ved Kari Linjordet. (3:12)

Tilgjengelig til:
Tilgjengelig i:
Verden
Første gang sendt:
NRK P1 · Fredag 30. november 1979 kl. 23:00
Siste gang sendt:
NRK P1 · Fredag 30. november 1979 kl. 23:00
Produksjonsår:
1979
Aldersgrense:
Tillatt for alle
Varighet:
33min 21s