Raskolnikov

1. Planen

Seriebeskrivelse

Hørespill i 12 deler, basert på Fjodor Dostojevskij si namngjetne roman "Brotsverk og straff" / "Forbrytelse og straff" (Prestuplenie i nakazanie, 1866). St. Petersburg omkring 1860. Studenten Raskolnikov er lutfattig og har inga von om ei betre framtid. Han isolerer seg, byrjar tru han er eit overmenneske som kan gjere det han vil, til og med ta liv. Han drep pantelånarkona Aljona Ivanovna - ei "lus", et mindreverdig "skadeleg" menneske, og søster hennar Lisaveta. Etter mordet går han inn i ein feberliknande tilstand, får sterke samvitskval og går gjennom skakande krisar - som gjer at han til slutt melder seg sjølv til politiet. Gjennom denne vedkjenningsprosessen set Dostojevskij lys på forbrytarpsykologi - samvit, skuld, soning.

Episodebeskrivelse

av Fjodor Dostojevskij, serie i 12 delar etter romanen "Brotsverk og straff". Da Dostojevskij skreiv denne boka, hadde han vel ikkje nett ein vanleg kriminalroman i tankane. Det blei det ikkje heller. Men eit mord står sentralt i handlinga, eit rovmord. Offeret er eit forferdeleg menneske, og pengane skal gå til nokre som svelt. Men kan ei slik handling forsvarast for det? Omsett, dramatisert og instruert av Tormod Skagestad. Teknisk regi: Odd Johan Nilsen. Dei som er med: Odd Furøy (Forteljar), Bjørn Skagestad (Rodion Raskolnikov), Ella Hval (Aljona Ivanovna), Pål Skjønberg (Marmeladov), Henny Moan (Katarina Ivanovna), Jorunn Kjellsby (Nastasja), Bab Christensen (Pulkheria). Elles er desse med: Frimann Falck Clausen, Andreas Kolstad, Erik Øksnes, Ragnar Dyresen og Bonne Gauguin. Annonsering ved Kari Linjordet. (1:12)

Tilgjengelig til:
Tilgjengelig i:
Verden
Første gang sendt:
NRK P1 · Fredag 16. november 1979 kl. 23:00
Siste gang sendt:
NRK P1 · Fredag 16. november 1979 kl. 23:00
Produksjonsår:
1979
Aldersgrense:
Tillatt for alle
Varighet:
38min 43s