Opprøret

Hørespill for ungdom i seks delar, bygd over den svenske forfattaren Sven Wernström si bok "Upproret" (1968). Morgonen 26. juli 1953 gjekk ein flokk opprørsmenn til åtak på kaserna Moncada Santiago på Cuba. Dette var starten for den revolusjonen som skulle vende opp ned på det kubanske samfunnet dei neste fem åra. Blant opprørarane som vart drepne under det mislukka attentatet var Bernancio Ramos, jordarbeidar og far til to barn. Det er denne familien vi fylgjer gjennom dei fattige syskena Manolo og Beatriz. Etter farens død blir familien Ramos tvinga til å røme frå landsbyen sin og inn i slumstroka i storbyen Santiago, seinare opp i fjella som hjelparar for geriljatroppane til Fidel Castro. Dramatisert for radio av Olle Pettersson, til norsk ved Halldis Moren Vesaas. Instruktør: Otto Homlung. Teknisk regi: Odd Sigurd Njaa. Musikk: Håkon Berge. Annonsering ved John Skien.

2. Kven kan ein lite på?

07.08.1979 24 min

Far til Manolo og Beatriz er skoten i kamp med regjeringssoldatane, og som hemn fordi landarbeidarane set seg opp mot styresmaktene, set soldatane fyr på landsbyen deira. Dei må rømme inn til slumstroka i Santiago. I rollene høyrer me mellom andre Ola B. Johannessen (Forteljaren), Bente Børsum (Regla Ramos), Petter Baanrud (Manolo) og Annika With (Beatriz).

Medvirkende

Forfatter:
Sven Wernström
Komponist:
Håkon Berge
Oversetter:
Halldis Moren Vesaas
Produsent:
Odd Sigurd Njaa
Regissør:
Otto Homlung
Skuespiller:
Annika With
Skuespiller:
Arne Knutsen
Skuespiller:
Bente Børsum
Skuespiller:
Henrik Scheele
Skuespiller:
Jan Frostad
Skuespiller:
Ola B. Johannessen
Skuespiller:
Ole A Simensen
Skuespiller:
Petter Baanrud
Skuespiller:
Ragnhild Hiorthøy
Skuespiller:
Sverre Bentzen